Eit gjennombrot for nord-norsk reiseliv
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet
Pressemelding | Nr: 1 | Dato: 08.01.2009 | Sist oppdatert: 20.04.2009
Den nye avtalen mellom dei tre nord-norske fylkeskommunane om å etablera eit felles reiselivsselskap, er eit gjennombrot for auka verdiskaping i reiselivsnæringa i Nord-Noreg.
- Den nye avtalen mellom dei tre nord-norske fylkeskommunane om å etablera eit felles reiselivsselskap, er eit gjennombrot for auka verdiskaping i reiselivsnæringa i Nord-Noreg.
Det meiner kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa og næringsminister Sylvia Brustad. Nyetableringa kan utløyse statlege midlar til nordnorsk reiseliv.
Satsing på reiseliv er ein viktig del av regjeringa sin spesielle nord-områdestrategi. Ut over dei ordinære løyvingane til reiseliv gjennom Innovasjon Norge, har Kommunal- og regionaldepartementet stilt 50 millionar kroner til rådvelde over 2009-budsjettet for internasjonal marknadsføring og profilering av den nord-norske landsdelen.
- Departementet har utfordra dei tre fylkeskommunane om å trekkje meir i lag for å auke straumen av turistar til Nord-Noreg. Når fylkeskommunane Nordland, Troms og Finnmark no vil arbeide saman, trur eg dei får meir ut av pengane dei brukar på reiseliv enn om dei konkurrerer med kvarandre om dei same turistane, seier Kleppa.
Næringsminister Sylvia Brustad mener det er avgjørende for den videre utviklingen av reiselivet i Nord-Noreg at reiselivsaktørene i landsdelen samarbeider bedre.
- Landsdelen trenger en felles og tydelig markedsføring i utlandet. Dette var noe vi var opptatt av da vi lanserte den nasjonale reiselivsstrategien for om lag et år siden. Vårt mål var å stimulere til et mer forpliktende samarbeid mellom aktørene i nord. Jeg er derfor glad for at man nå har kommet til enighet om organiseringen av arbeidet i Nord-Noreg, sier Brustad.
Over KRD sitt budsjett for 2009 er det totalt sett av 100 millionar kroner til ekstra satsing under regjeringa sin nord-områdestrategi. I tillegg til dei 50 millionar kronene som er direkte øyremerkte til reiselivssatsing i Nord-Noreg, vil også reiselivsnæringa bli høgt prioritert innanfor dei andre innsatsområda under nordområde-strategien. Nærings- og handelsdepartementet har for 2009 også øyremerkt 15 millionar kroner til profilering og marknadsføring av Nord-Noreg som reiselivsmål.
Nærings- og handelsdepartementet sin pressetelefon: 902 51 303
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.