Historisk arkiv

Grip inn i ferjesaka på Vestlandet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Nærings- og handelsdepartementet

Reiarlaget Fjord1 kan auke kapasiteten igjen til 600 passasjerar på gassferjene sine. Nærings- og handelsminister Trond Giske har i ettermiddag gripe inn i saka.

Reiarlaget Fjord1 kan auke kapasiteten igjen til 600 passasjerar på gassferjene sine. Nærings- og handelsminister Trond Giske har i ettermiddag gripe inn i saka og mellombels stansa vedtaket til Sjøfartsdirektoratet.

– Det er nødvendig å sjå nærmare på denne saka. Vi har derfor instruert Sjøfartsdirektoratet til å førelegge saka for EU-kommisjonen,  seier Giske.

Det skuldast at redningssystema om bord er godkjent i EU.

– Vi må ha ei felles forståing med EU i denne saka før vi kan konkludere. Dersom Fjord1 skulle bli pålagt å utstyre ferjene med ekstra redningsflåtar, vil dei få eit halvt år på å tilpasse seg, seier Giske.

Bakgrunn:
Sjøfartsdirektoratet har endra passasjersertifikata frå 600 til 450 passasjerar til dei fem gassferjene til Fjord1 i Rogaland og Hordaland. Sjøfartsdirektoratet sitt vedtak er anka til Nærings- og handelsdepartementet. Nærings- og handelsminister Trond Giske har i ettermiddag gripe inn i saka og mellombels stansa Sjøfartsdirektoratets vedtak.