Ærespris til statssekretær Rikke Lind
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Nærings- og handelsdepartementet
Pressemelding | Dato: 23.05.2011
Statssekretær Rikke Lind er kåra til Årets Shippingnavn 2011 av WISTA Noreg (Women's International Shipping & Trading Association).
Rikke Lind og Bjørg Ekornrud (Foto: Sandra Clark/NHD)
Statssekretær Rikke Lind er kåra til Årets Shippingnavn 2011 av WISTA Noreg (Women's International Shipping & Trading Association).
Lind mottok prisen i samanheng med Nor-Shipping konferansen mandag 23. mai.
- Dette er ei veldig hyggjeleg overrasking, og eg kjenner meg æra. WISTA er en viktig organisasjon som gjør eit betydningsfullt arbeid både i Norge og i utlandet, seier statssekretær Lind.
WISTA er ein internasjonal organisasjon for kvinner med leiande stillingar i maritim næring.Kåringen skjer årlig, og kandidatene blir valgt på bakgrunn av organisasjonens fire kjerneverdier – Profesjonalitet, Driftighet, Åpenhet og Engasjement.
I juryen si grunngiving heiter det at Lind blir utnemnd for det utrøyttelege ”engasjementet sitt for kvinner i maritim næring gjennom mange år.” Vidare blir det poengtert at ”Lind har stått på barrikadane for å få fleire kvinner inn i styrene i AS-selskap”, og ho ” nyttar eitkvart høve til å poengtere betydinga av å ha eit mangfald av kjønn, alder og kompetanse i både styre og leiargrupper. Hennar sjenerøsitet overfor andre kvinner er også med på å gjere henne til ein rollemodell”.
- Kvinnene sine rettar er ein vesentleg del av grunnlaget for det politiske engasjementet mitt, og det har vore på agendaen min gjennom heile karrieren. Den maritime næringa har mange dyktige kvinner som eigarar, leiarar og tilsette, og eg har hatt som medviten strategi å gi dei rom til å vekse. Samfunnet og næringslivet er utan tvil, tent med større representasjon av kvinner, seier Lind.
Vinnaren av prisen blir automatisk nominert som Noreg sin kandidat til Wista International sin pris ”Personality of the Year”.