Historisk arkiv

Giske leiar norsk delegasjon til Moskva

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Nærings- og handelsminister Trond Giske leiar i dag den norske delegasjonen til det 15. møtet i norsk-russisk økonomisk kommisjon i Moskva.

Møte i norsk-russisk regjeringskommisjon 2. mars 2012

Møte i norsk-russisk regjeringskommisjon 2. mars 2012 (Anne Cecilie Lund/NHD)




Nærings- og handelsminister Trond Giske leier i dag den norske delegasjonen til det 15. møte i norsk-russisk økonomisk kommisjon i Moskva.

Den russiske delegasjonen til møtet leies av Russlands første visestatsminister Viktor Zubkov. Dei to ministrane møtes ofte. I 2011 diskuterte dei næringsamarbeidet mellom Noreg og Russland ved tre høve; sist i november  da dei opna eit norsk-russisk næringslivsforum.

- Samarbeidet i norsk-russisk økonomisk kommisjon har høg prioritet i begge land. Det er vår viktigaste arena for å ta opp bilaterale saker langt utover dei rent økonomiske,  seier Giske.

Russland er ein viktig handelspartnar for Noreg, og forhandlingane om ei handelsavtale mellom EFTA og Russland og dei to andre landa i tollunionen viser god progresjon etter fire forhandlingsrunder. Auka marknadstilgang og stabile rammevilkår utover det som følgjer av WTO-avtalen er hovudmål for forhandlingane. For den bilaterale forhandlingsprosessen er det difor sært gledelig at Russland blir medlem av WTO i 2012.

- Denne gongen gler vi oss særs over å kunne gratulere Russland med vedtaket før jul om WTO-tiltreding, seier Giske. Eg har stor tru på at medlemskap i WTO og, på litt lenger sikt, ein handelsavtale med EFTA-landa vil være avgjerande for eit enda tettare økonomisk samarbeid mellom våre to land.

Nærings- og handelsdepartementet leier arbeidet med regjeringa sin strategi for næringssamarbeidet med Russland som kan bli lansert før sommaren 2012. Strategien ser på korleis handelen med Russland kan aukast og gjerast meir mangfaldig, og korleis større fokus på teknologisamarbeid kan bidra til å nå disse måla.

Fakta:
• Norsk-russisk regjeringskommisjon for økonomisk, industrielt og forskings- og teknologisamarbeid leies av nærings- og handelsminister Trond Giske frå norsk side og fyrste visestatsminister Viktor Zubkov frå russisk side. Kommisjonen kommer saman kvart år. 2012 markerar 15. gongen dette høgnivåmøtet har blitt arrangert i vekselvis Noreg og Russland.
• Samhandelen mellom Noreg og Russland var i 2011 på nesten 18 mrd. kroner, omtrent som året før. Russland var i 2011 vår største enkeltmarknad for fisk og sjømat.
• Regjeringa arbeider nå med ein nasjonal strategi for næringssamarbeidet med Russland.