Miljøtiltak ved Søve Gruver
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet
Statsbudsjettet 2014
Pressemelding | Nr: 58/2013 | Dato: 14.10.2013
Regjeringa foreslår å løyve 20,5 millionar kroner til opprydding av forureina massar ved Søve i Nome kommune i Telemark i 2014.
Regjeringa foreslår å løyve 20,5 millionar kroner til opprydding av forureina massar ved Søve i Nome kommune i Telemark i 2014.
– Opprydding av radioaktive stoff krev grundige førebuingar, ikkje minst fordi deponeringa må ha eit særs langt tidsperspektiv. Vi har no gjort dei førebuingane vi treng, og vi er klare til å rydde opp neste år, seier nærings- og handelsminister Trond Giske.
Nærings- og handelsdepartementet har teke på seg å koste og gjennomføre opprydding etter verksemda til AS Norsk Bergverk ved Søve i Telemark. Statsaksjeselskapet dreiv utvinning av metalla niob og tantal i perioden 1953-1965. Verksemda førte til forureining av jord og ei oppkonsentrering av radioaktive stoff, hovudsakleg uran og thorium.
Nærings- og handelsdepartementet sitt forslag til tiltaksplan blei send på offentleg høyring før sommaren 2013. Når høyringa er gjennomført og innspela vurderte, vil Statens strålevern gi departementet pålegg om opprydding. Tiltaka omfattar oppgraving av forureina massar, bortkøyring og deponering i godkjent deponi.
Nærings- og handelsdepartementet tek sikte på å gjennomføre tiltaka i 2014. I 2015 skal det gjennomførast eit måleprogram for å sikre at måla med oppryddinga er nådde. Etter oppryddinga skal bruken av området ikkje bli hemma av tidlegare radioaktivt avfall frå Søve Gruver.