Historisk arkiv

Samarbeid, kunnskapsdeling og kompetanse – Sør-Noreg er i gang!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Som ein del av prosjektet for restrukturering av reisemålsselskapa i Noreg, eit av dei største tiltaka i regjeringa sin reiselivsstrategi ”Destinasjon Noreg”, er det satt ned prosjektgrupper i dei seks tiltenkte landsdelane i Noreg.

Som ein del av prosjektet for restrukturering av reisemålsselskapa i Noreg, eit av dei største tiltaka i regjeringa sin reiselivsstrategi ”Destinasjon Noreg”, er det satt ned prosjektgrupper i dei seks tiltenkte landsdelane i Noreg. Desse regionale prosjektgruppene skal leie arbeidet med å etablere dei einskilde landsdelsselskap og tilhøyrande destinasjonsselskap.

Prosjektgruppa i Sør-Noreg hadde sitt fyrste møte 14.2.2013. Prosjektgruppa sine deltakarar er på plass, mandatet er formidla og drøftingane rundt rolledeling og arbeidsoppgåver for dei ulike aktørane i ny struktur er i gong. I gruppa sitt oppstartmøte var det høgt under taket og stort engasjement for prosessen som er satt i gang. Gruppa, som er breitt sett saman av store og små næringsaktørar samt offentlege aktørar, er innstilt på å drive prosessen på vegne av, og i samarbeid med, heile reiselivsnæringa i Sør-Noreg-regionen. Gruppa var allereie samstemte på eit punkt: Landsdelsselskapa sine viktigaste oppgåver er samarbeid, kunnskapsdeling og kompetanse. Oppstartmøtet lover bra for vidare prosess med å jobbe fram ein slagkraftig forretningsplan for den nye strukturen. Prosjektgruppa skal ha sju møter i løpet av 2013.

Prosjektgruppe Sør-Noreg:

Offentleg sektor:

John G. Bergh, Aust-Agder fylkeskommune
Finn Aasmund Hobbesland, Kristiansand kommune
Jon Skriubakken, Telemark fylkeskommune
Evi-Anni Evensen, Telemark fylkeskommune
Tone Marie Nybø, Flekkefjord kommune

Reiseliv, destinasjonsselskap:

Heidi Sørvig, Visit Sørlandet
Irene Siljan Vestby, Telemarkreiser
Knut Dannevig, Visit Sørlandet

Næring:

Reidar Fuglestad, Dyreparken
Siv Wiken, Agder Kollektivtrafikk
Nina Moland Andersen, ColorLine
Beate Holm Tøpfer, Hotell Norge
Ole Bruun, Hovden Hyttegrend
Johan Straand, Vrådalhotellene
Agnete Kjellin, Vest-Agder fylkesmuseum
Atle Homme, Sørlandsbadet
Andrew Howathson, Kragerø Sportell
Bjørnar Tretterud, First Hotels

Bjørn Krag Ingul, Innovasjon Noreg
Anne Britt Bjørdal, Innovasjon Noreg

Eigil Rian, Nærings- og handelsdepartementet
Dag Holler, Nærings- og handelsdepartementet
Kirsti Aulstad Sogn, Nærings- og handelsdepartementet.