Tenker store tankar – Fjell-Noreg er i gang!
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet
Pressemelding | Nr: 7/2013 | Dato: 27.02.2013
Som ei del av prosjektet for restrukturering av reisemålsselskapa i Noreig, eit av dei største tiltaka i regjeringa sin reiselivsstrategi "Destinasjon Noreg", er det satt ned prosjektgrupper i dei seks tiltankte landsdelane i Noreg.
Som ei del av prosjektet for restrukturering av reisemålsselskapa i Noreig, eit av dei største tiltaka i regjeringa sin reiselivsstrategi "Destinasjon Noreg" , er det satt ned prosjektgrupper i dei seks tiltankte landsdelane i Noreg. Desse regionale prosjektgruppene skal leie arbeidet med å etablere dei einskilde landsdelsselskap og tilhøyrande destinasjonsselskap.
Prosjektgruppa i Fjell-Noreg hadde sitt fyrste møte 13.2.2013. Prosjektgruppa sine deltakarar er på plass, mandatet er formidla og drøftingane rundt rolledeling og arbeidsoppgåver for dei ulike aktørane i ny struktur er i gong. I gruppa sitt oppstartmøte var det høgt under taket og stort engasjement for prosessen som er satt i gang. Gruppa, som er breitt sett saman av store og små næringsaktørar samt offentlege aktørar, er innstilt på å drive prosessen på vegne av, og i samarbeid med, heile reiselivsnæringa i Fjell-Noreg-regionen. Gruppa var allereie samstemte på eit punkt: det er nå på tide å tenke store tankar for denne næringa. Oppstartmøtet lover bra for vidare prosess med å jobbe fram ein slagkraftig forretningsplan for den nye strukturen. Prosjektgruppa skal ha sju møter i løpet av 2013.
Prosjektgruppe Fjell-Noreg:
Offentleg sektor:
Trond Carlson, Oppland fylkeskommune
Ole Martin Norderhaug, Trysil kommune
Tony Arild Kjøl, Hol kommune
Jon Rolf Næss, Bykle kommune
Jon Skriubakken,Telemark fylkeskommune
Reiseliv, destinasjonsselskap:
Gudrun Sanaker Lohne, Destinasjon Trysil
Vidar Svanemyr, Lillehammer Turist
Ragnhild Kvernberg, Hallingdal Reiseliv
Bernt Amdahl, Destinasjon Oppdal
Næring:
Atle Hovi, Beitostølen
Birgit Haugen, Geilolia
Mathias Lindström, Skistar
Marius Flaaten, Alpinco
Jan Egil Halbjørhus, Hemsedal Turisttrafikklag
Stein Birger Johnsen, Rauland Turist
Halvor Skjøren, Breisjøseter Turisthytte
Stein Ove Rolland, Innovasjon Noreg
Torunn Hovi, Innovasjon Noreg
Eigil Rian, Nærings- og handelsdepartementet
Dag Holler, Nærings- og handelsdepartementet
Kirsti Aulstad Sogn, Nærings- og handelsdepartementet.