Historisk arkiv

Skriftleg svar på spørsmål nr 989 frå stortingsrepresentant Ingebrigt S. Sørfonn om opsjonar i Cermaq

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Svar datert 14. juni 2006

Stortingets presidentskap
Stortinget
0026 OSLO



Deres ref
200601787

Vår ref
20060 2622 ES-bgr

Dato
14.06.2006



Skriftleg svar på spørsmål nr 989 frå stortingsrepresentant Ingebrigt S. Sørfonn om opsjonar i Cermaq

Eg viser til brev av 7. juni 2006 frå Stortingets presidentskap om opsjonar i Cermaq.

Spørsmålet lyd:

”Cermaq vedtok på siste generalforsamling i mai 2006 eit nytt opsjonsprogram for leiarane sine. Programmet gjer leiarane høve til å dra nytte av ein verdiauke i aksjane i selskapet , og må sjåast på som ein del av løna i selskapet.

Staten er storaksjonær i Cermaq og har gjennom generalforsamlinga akseptert programmet. Kva er Statsråden si haldning til opsjonsprogram som del av leiarlønene i selskap med store statlege eigardelar ?”

Svar:

Det er styret i et selskap som tilset administrerande direktør og fastsett lønn og øvrige vilkår. Styret har høve til å vurdere om ei opsjonsordning er ein eigna del av eit samla system for godtgjering som skal sikre konkurransedyktig avlønning av leiinga og medarbeidarar i eit selskap, etter kva slags bransje selskapet opererer i og den samla økonomiske situasjonen i selskapet. Styret vil normalt måtte hente fullmakt på generalforsamlinga for å kunne bruke aksjar og opsjonar i insentivprogram. Dette gjeld og Cermaq.

Dagens opsjonsprogram i Cermaq er meir moderat enn 2001-programmet. Det er lagt inn eit tak på 50 kroner per opsjon i det nye programmet. Den maksimale gevinsten nokon kan få etter programmet er 2,5 millionar kroner delt over tre år. Fleire i leiinga tek del i programmet samanlikna med tidlegare. I alt kan inntil 65 personar i leiande posisjonar delta med ei samla ramme på 1,1 mill opsjonar over ein periode på tre år. Vinsten for den enkelte er soleis klårt avgrensa i verdi for den enkelte, men fleire medarbeidarar kan ta del i den nye ordninga.

Departementet har ikkje på prinsipielt grunnlag avvist bruk av opsjonar i næringslivet i selskap med statlege eigardelar. Eg tek sikte på å gjere greie for nokre hovudlinjer for slik bruk av aksjar og opsjonar i den komande eigarskapsmeldinga.

Som forvaltar av statlege aksjar vil eg kontinuerleg vurdere korleis styrer i selskap med statlege eigardelar handterer ansvaret knytt til utforming av opsjonar og andre insentivprogram basert på tildeling av aksjar.

Eg vil elles vise til forslag til endringar i aksjelovgjevinga om leiarløn i Ot.prp. nr 55 (2005-2006) frå Justisdepartementet som no er til handsaming i Stortinget.

Med helsing
Odd Eriksen