Historisk arkiv

Spørsmål nr. 1242 til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Petter Løvik om grunnstøytingar med bil- og passasjerferjer

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Svar av 06.10.06.

Stortingets presidentskap
Stortinget
Karl Johans gate 22
0026 Oslo



Dykkar ref

Vår ref
200603976-4

Dato
06.10.2006

Spørsmål nr. 1242 til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Petter Løvik om grunnstøytingar med bil- og passasjerferjer

Eg viser til brev frå Stortingets president av 29. september 2006, vedlagt spørsmål frå stortingsrepresentant Petter Løvik.

Spørsmål

Fleire grunnstøytingar med bil- og passasjerferjer siste åra har skapt uro blant mange langs kysten. Vil Statsråden vurdere regelverket og praktiseringa av dette for å få redusert talet på desse alvorlege hendingane?

Grunngjeving:

Også denne veka har det skjedd grunnstøyting med bil- og passasjerferjer på Vestlandet. Siste åra har det vore mange slike, men hittil har ein unngått dei store katastrofene. Det er ingen grunn til å legge skjul på at såpass mange uhell, til dels i svartestille og klarver, skaper uro blant ferjebrukarane. Det blir også stilt spørsmål ved om det er slurv og umerksemd eller manglande regelverk som skaper problema. Eg vonar at Statsråden vil gripe fatt i dette og få vurdert korleis ein kan få ned talet på uhell i denne viktige trafikken.

Svar

Regelverket for passasjerferjer i innanriks– og utanriksfart er i stadig utvikling. Norske styresmakter deltek aktivt i den internasjonale sjøfartsorganisasjonen IMO, som handsamar framlegg om endring av regelverk som skal betre tryggleiken til sjøs, og i EU sine møte på dette området.

Frå november 1999 har reiarlag som driv riks- og kommunalferjestrekningar vore forplikta til å gjennomføre årlege risikoanalysar av kvar ferje og ferjestrekning. På grunn av desse analysane er det gjort investeringar som viser seg å ha minska risikoen.

Ulykkesstatistikken for passasjertrafikk viser to tendensar. I dei siste åra har omfanget av personskadar vore uendra, samstundes som talet på uhell på grunn av teknisk svikt har gått ned. Sjøfartsdirektoratet har undersøkt fleire ulykker der primærårsaka tilsynelatande har vore teknisk feil, men der det har vist seg at ulykka skjedde på grunn av menneskeleg svikt.

Sjøfartsdirektoratet har difor prioritert å skaffa seg meir kunnskap om den menneskelege faktoren, og det er lagt opp til betre ulykkesrapportering. På den måten kan ein enklare slå fast den faktiske årsaka til ulykker. Med betre kunnskap om kvifor ulykker skjer, vil Sjøfartsdirektoratet setje i verk tiltak som har som mål å få ned talet på ulykker. Tryggleiken til sjøs, både for passasjerar og dei som arbeider om bord, kjem i første rekkje. Både departementet og direktoratet arbeider kontinuerleg for å betre tryggleiken til sjøs.

Med helsing
Dag Terje Andersen