Ikkje grunnlag for vidareføring av Skanled nå
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Nyheit | Dato: 29.04.2009
Olje- og energidepartementet er i dag blitt gjort kjent med at partnarskapet i Skanled vil innstille det vidare arbeidet med prosjektet på dette tidspunktet.
Olje- og energidepartementet er i dag blitt gjort kjent med at partnarskapet i Skanled vil innstille det vidare arbeidet med prosjektet på dette tidspunktet. Viktige årsaker til dette er at den krevjande økonomiske situasjonen har svekka utsiktene for gassmarknadene og at dei utanlandske selskapa no ikkje ser det økonomisk interessant å transportere gass til Europa gjennom Skanled og vidare gjennom Danmark.
- Eg er skuffa over å måtte konstatere at vi ikkje kjem vidare med Skanledprosjektet nå. Dette er ein trist dag for Grenland, seier olje- og energiminister Terje Riis-Johansen. Industrien er hardt råka av finansuroa og gassrøyret ville bidrege til industriell utvikling i Grenlandsområdet. Skanledprosjektet har vore viktig for meg og regjeringa, og vi har gjort det som er mogleg for å få realisert prosjektet. Utan dei utanlandske aktørane er det ikkje mogleg å få tilstrekkeleg bruk av røyret. Eg har tru på at betra økonomiske tider kan gi nytt grunnlag for prosjektet på eit seinare tidspunkt, seier olje- og energiministeren.
Gassco fekk i april 2005 i oppgåve av Olje- og energidepartementet å sjå på om det var grunnlag for å etablere eit gassrøyr frå Kårstø til Rafnes. Ei selskapsgruppe vart etablert i desember 2005. For å få eit tilstrekkeleg marknadsgrunnlag bestemte dei seg for å studere eit utvida transportsystem med leveransar til Sverige og til Danmark. Ein viktig drivar for selskapa var å sende norsk gass vidare til m.a. Polen. I utgangspunktet inneheldt prosjektet eit separasjonsanlegg på Rafnes der størstedelen av etanet skulle fjernast frå salsgassen og bli brukt i INEOS sitt petrokjemiske anlegg. Yara ville også erstatte dagens etanføde med metan frå røyret. Gassen skulle deretter bli komprimert for transport vidare.
Hausten 2008 ramma den internasjonale finansuroa marknadene. Dette fekk også følgjer for Skanledprosjektet. I januar varsla INEOS at dei ikkje lenger ønska eit separasjonsanlegg på Rafnes på grunn av marknadssituasjonen for produkta deira. Konseptet vart difor endra slik at ein fekk eit greinrøyr til Grenland utan separasjonsanlegg, men med tilstrekkeleg kapasitet til å dekkje både Yara sitt behov og leggje til rette for vidare industriell utvikling. I februar 2009 gjorde regjeringa ytterlegare tiltak ved å gå inn på eigarsida i røyret med inntil 30%. EU har også signalisert at dei vil gi 150 mill. Euro i støtte til Skanled og vidareføringa gjennom Danmark til Polen.
Skanled er eit stort og komplisert prosjekt. Dei involverte selskapa har brukt 125 mill. kroner på prosjektet. Mange aspekt ved prosjektet har endra seg undervegs. Den økonomiske situasjonen har no gjort prosjektet umogleg å få gjennomført. Etterspørselen etter gass går ned. Utsiktene for gassmarknadene er difor ikkje like gode som dei var for berre nokre månader sidan. Moglegheitene for å oppnå akseptable vilkår for transport av gass frå Skanled til Europa gjennom det danske gassnettet vert av dei involverte selskapa vurdert som ei betydeleg usikkerheit. På bakgrunn av dette har utanlandske selskap signalisert at dei ikkje finn tilstrekkeleg økonomi i prosjektet på det noverande tidspunktet. Vi er difor i ein situasjon der det ikkje er tilstrekkeleg grunnlag for bruk av røyret. Gassco har informert om at partnarskapet i Skanled vil innstille det vidare arbeidet med prosjektet nå.
Endra økonomiske føresetnader i framtida vil kunne gjere det mogleg å sette prosjektet i gong att.
Deltakarane i prosjektet er Petoro AS, PGNiG, E.On Ruhrgas AG, Gasunie, Energinet.dk SOV, Verbundnetz Gas AG, Skagerak Energi AS og Göteborg Energi AB.
Gassco si pressemelding finn du her.