Riis-Johansen ønskjer satsing på småskala vindkraft
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Nyheit | Dato: 11.09.2009
Det er i dag nesten ingen som byggjer enkeltståande vindmøller i Noreg. Dette ønskjer olje- og energiminister Terje Riis-Johansen å gjere noko med. Olje- og energidepartementet vil difor gje 150.000 kronar til kvar av dei to fylkeskommunane som kjem opp med dei beste prosjekta for å utvikle småskala vindkraftproduksjon.

-Det er mange gode grunnar til å byggje ut meir småskala vindkraft. For det fyrste gjev det ny fornybar og rein energi. I tilegg kan vindkraftproduksjon vere viktig attåtnæring for grunneigarar og bønder. Med dei grøne sertifikata frå 2012 vil desse møllene kunne bli økonomiske lønnsame, seier olje- og energiministeren. Han legg til at småskala vindkraft somme stader kan byggjast utan nye kraftlinjer.
Riis-Johansen lanserte saka på ein pressekonferanse på Dyrskun i Telemark i dag.
Olje- og energiministeren ønskjer at fylkeskommunane skal hjelpe til med næringsutvikling i form av småskala vindkraftproduksjon. Det er på dette grunnlaget han har bestemt seg for å gje økonomisk støtte til to fylkeskommunar som vil satse på småskala vindproduksjon.
-Det er viktig at utbygging skjer på ein teknisk god måte når det gjeld vindtilhøve, tekniske løysingar og nettilhøve, og at det blir teke omsyn til miljøet, seier olje- og energiministeren.
Han vil difor be NVE gå i gang med å lage en rettleiar om planlegging av små vindkraftverk / enkeltståande møller. Det vil gi informasjon til potensielle utbyggarar, kommunar og fylkeskommunar, og bidra til teknisk og miljømessige gode løysingar.