Historisk arkiv

Olje- og energiministerens kalender for veke 50

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 167/05
Dato: 09.12.05
Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Olje- og energiministerens kalender for veke 50

Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.

Måndag 12. desember
Statsråden er i Stortinget i samband med handsaminga av budsjettet for 2006.

Tysdag 13. desember
Kl. 1330-1500: Aker Kværner og Gassnova inviterer pressa til ein presentasjon av eit nytt prosjekt for å utvikle teknologi for handtering av CO2-utslepp frå gasskraft. Prosjektet er eit ledd i den nasjonale satsinga på handteringa av klimagassar frå gasskraftverk, og olje- og energiministeren vil vere til stades.

Presentasjonen er i Aker Kværner sine hovudkontor på Lysaker, Professor Kohts vei 15, Lysaker. Påmelding: Info.sjef Stein Inge Liasjø, Aker Kværner, 67 51 30 94 eller mobil 464 02 353.

Onsdag 14. desember
Møte med Enviro Energi.
Møte med Natur og Ungdom.

Torsdag 15. desember
Kl.1000: Gassco og Statnett overrekkjer ein rapport om røyrløysingar for transport av gass til olje- og energiminister Odd Roger Enoksen. Gassco fekk i vår i oppdrag frå Olje- og energidepartementet å gjennomføre drøftingar med industrien i Grenland og Trøndelag om røyrløysingar for transport av gass. Seinare ble mandatet utvida til også å omfatte drøftingar med selskap i Sverige og frå andre delar av Noreg.

Meir enn 15 industriselskap frå Noreg og Sverige vil undertekne ein avtale som sikrar finansiering av vidare studie fram mot eit endelig konseptval for prosjektet.

Overleveringa og pressekonferansen finn stad på Oslo Kongressenter, Folkets Hus, Youngsgt. 11 i Oslo.
Påmelding: info.sjef Kjell Varlo Larsen i Gassco, kvl@gassco.no eller 900 79 560.

Russlands ambassadør på høflegheitsvitjing.
Bill Berry, ConocoPhillips, på høflegheitsvitjing.

Fredag 16. desember
Møte med fylkesordføraren i Møre og Romsdal, Jon Aasen.