Historisk arkiv

Olje- og energiministeren reiser til Berlin og Essen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Den 13. februar reiser olje- og energiminister Odd Roger Enoksen til Tyskland. Statsråden skal ha eit møte med Tysklands Wirtschafts- und Technologieminister Michael Glos i Berlin før han reiser vidare til Energimessa i Essen. (30.01.06)

Pressemelding

Nr.: 14/06
Dato: 30.01.2006

Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Olje- og energiministeren reiser til Berlin og Essen

Den 13. februar reiser olje- og energiminister Odd Roger Enoksen til Tyskland. Statsråden skal ha eit møte med Tysklands Wirtschafts- und Technologieminister Michael Glos i Berlin før statsråd Enoksen reiser vidare til Energimessa i Essen.

Tysdag er statsråd Enoksen på Energimessa "E-world Energy and Water", der H.K.H. Kronprins Haakon deltek under opninga. Messa har etablert seg som ein av dei leiande møteplassane for energibransjen og eit leiande forum for diskusjon av viktige energispørsmål. Noreg er i år partnarland og om lag 25 norske selskap vil vere representert på messa.

Påmelding for media til Noregs ambassade i Berlin v/Tone Allers teb@mfa.no innan 9. februar 2006.