Historisk arkiv

Olje- og energiministers kalender for veke 9

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 25/06
Dato: 23.02.2006

Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Utdrag frå olje- og energiminister Odd Roger Enoksens kalender for veke 9

Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl. 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 27. februar
Statsråd Enoksen skal ha møte med Troms fylkeskommune i Tromsø. Møtet organiseras i to delar; ein del med politisk dialog med fylkeskommunen, og del to som vil bestå av presentasjonar frå bedriftssamarbeid og kompetansemiljø i fylket.

Pressen er velkomen mellom kl. 14.00 og 15.00. Møtet finn stad på Polarmiljøsenteret i Tromsø.

Tysdag 28. februar
Konsernsjef Helge Lund i Statoil har invitert olje- og energiminister Odd Roger Enoksen til Melkøya. Dette vil vere statsråd Enoksen sitt første besøk på Melkøya. Enoksen vil få ein orientering om Snøhvit-prosjektet samt omvisning på Melkøya. Pressen er velkomen til å møte olje- og energiministeren i samband med omvisninga.

Tid: Oppmøte kl. 11.00 tysdag 28. februar
Sted: Utanfor Statoils kontor i Hammerfest

Seinast kl. 12.30 vil det bli satt opp felles transport frå Melkøya til flyplassen eller Hammerfest sentrum, avhengig av pressen sitt behov. Enoksen og Lund vil være tilgjengelege i ein periode.

Det er nødvendig med pressepåmelding til Trude Larstad, tlf 22 24 61 07 eller tl@oed.dep.noinnan måndag 27. februar kl. 11.00.

Fredag 3. mars
Olje- og energiministeren vil vere i Stortinget under behandlinga av forslag frå stortingsrepresentantane Ketil Solvik-Olsen, Øyvind Korsberg, Torbjørn Andersen og Tord Lien om ein samla plan for bygging av vindkraftanlegg i Noreg.