Satsing på auka tryggleik langs vassdraga
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Dato: 06.10.2006 | Sist oppdatert: 30.10.2006
Flaumhendingane dei siste åra viser at det er naudsynt å auke satsinga på tryggleik langs vassdraga våre. (06.10.06)
Pressemelding
Nr.: 122/06
Dato: 06.10.2006
Kontaktperson: Trude Larstad, 22 24 61 07
Satsing på auka tryggleik langs vassdraga
Flaumhendingane dei siste åra viser at det er naudsynt å auke satsinga på tryggleik langs vassdraga våre. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) er den nasjonale faginstitusjonen for hydrologi og er ansvarleg for den nasjonale flaumvarslingstenesta. Regjeringa foreslår å styrke NVEs budsjett knytt til tryggleik langs vassdrag med om lag 5 millionar kroner.
-Å gjere samfunnet betre førebudd på å leve med utsikter til auka fare for flaum og flaumskred som følgje av endra nedbørsmønster, må vere ein viktig del av den statlege og kommunale planlegginga. NVEs faresonekartlegging og rettleiar for arealplanlegging er saman med NVEs kompetanse på hydrologi og tryggingstiltak viktige verktøy for å nå denne målsetjinga, seier olje- og energiminister Odd Roger Enoksen.
Regjeringa satsar på auka tryggleik langs vassdraga i budsjettframlegget for 2007. NVEs driftsbudsjett vert styrka for å gje rom for betre oppfølging av kommunal arealplanlegging, planlegging av tryggingstiltak og oppdatering av NVEs hydrologiske reknemodell med om lag 3 millionar. Regjeringa foreslår òg å auke løyvinga til kartlegging av område med fare for flaum og flaumskred med 2 millionar kroner. NVEs miljø- og tryggingstilsyn vert samstundes styrka i høve til saldert budsjett for 2006.
Regjeringa foreslår å løyve 79 millionar kroner til tryggings- og miljøtiltak i vassdrag. Dette er ei videreføring frå saldert budsjett 2006. Det vil mellom anna bli utført tryggingstiltak mot leirskred i Skienselva, i Trondheim og i Skaun samt store tryggingstiltak mot flaum i Trysil og i Høyanger.
I revidert nasjonalbudsjett for 2006 vart det løyvd 57 millionar kroner ekstra til tryggingstiltak etter flaumane på Vestlandet og i Trøndelag. Desse tiltaka vert ferdigstilte i 2007.