Historisk arkiv

Utdrag frå olje- og energiminister Odd Roger Enoksens kalender for veke 19

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 53/06
Dato: 04.05.2006

Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Utdrag frå olje- og energiminister Odd Roger Enoksens kalender for veke 19

Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.

Måndag 8. mai
Olje- og energiminister Odd Roger Enoksen held innlegg på Det Norske Veritas rådsmøte i Oslo om 'Utfordringar innanfor olje- og energisektoren - både i Noreg og internasjonalt'. Statsråd Enoksen vil leggje særleg vekt på nordområda, balansen mellom olje/gass og fornybar energi, og den nye risikorøyndomen for olje- og gassverksemda. Forutan medlemmer av Rådet i Det Norske Veritas, vil ein rekkje fagfolk innan energisektoren være til stades under foredraget.

Tid: Kl. 14.00
Sted: Store Møtesal, Veritas I, Veritasveien 1 på Høvik.

Foredraget er opent for pressa og statsråden vil vere tilgjengeleg for pressen etter foredraget. Gjer vel å gi beskjed til Det Norske Veritas, Informasjonsavdelinga, telefon 67 57 86 01 om du ynskjer å vere til stades under foredraget.

Pressekontakt for statsråden er Trude Larstad, 936 67 742.
Fredag 12. mai
RNB - Revidert budsjett legges fram 12. mai kl. 10.15. Sjå meir informasjon frå Finansdepartementet

Statsråd Enoksen møter Knut Reinset frå Suldal kommune.