Utdrag frå olje- og energiminister Odd Roger Enoksens kalender for veke 3
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Dato: 12.01.2006 | Sist oppdatert: 05.10.2006
Pressemelding
Nr.: 07/06
Dato: 12.01.2006
Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09
Utdrag frå olje- og energiminister Odd Roger Enoksens kalender for veke 3
Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.
Måndag 16. januar
Olje- og energiminister Odd Roger Enoksen møter sin
svenske kollega, samhällsbyggnadsminister Mona Sahlin for å
diskutere energipolitiske tema.
Kl. 11.00 vil dei to ministrane vere tilgjengelege for pressen på Radisson SAS Airport Hotell på Gardermoen.
Olje- og energiminister Odd Roger Enoksen har invitert ni selskap frå Midt-Noreg til eit møte om kraftsituasjonen. Møtet finn stad måndag 16. januar frå kl. 15.00 til 17.00 på statsrådens kontor i Olje- og energidepartementet, Einar Gerhardsens plass 1.
Pressen er velkomne til å treffe statsråden og dei andre møtedeltakarane etter møtet.
Tysdag 17. og onsdag 18. januar
Statsråd Enoksen deltek på det 26.
oljeindustripolitiske seminaret på Rica Park Hotel i Sandefjord.
Arrangør er Norsk Petroleumsforening. Statsråden held foredrag kl.
13.15 tysdag og deltek i paneldiskusjonen kl. 10.30 onsdag.
Pressekontakt for statsråden er Sissel Edvardsen, 90 19 73 82.
Torsdag 19. januar
Kl. 13.00 Olje- og energiminister Odd Roger
Enoksen held innlegg på fagseminaret 'Folkerett og
ressursforvaltning i nord – Norge i geopolitikkens brennpunkt'.
Seminaret vert halden på Radisson SAS Hotell i Tromsø.
Arrangør er Norsk Institutt for Strategiske Studier. Les meir om seminaret.
Påmelding via websida eller til Eva
Løvseth,
eva@hotellmegleren.no,
tlf. 23 13 15 14.