Historisk arkiv

OED har motteke plan for utbygging og drift for gassfunnet Alve

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Olje- og energidepartementet har i dag motteke plan for utbygging og drift (PUD) for gassfunnet Alve. Statoil ASA er operatør for utbygginga. (16.01.07)

Pressemelding

Nr.: 07/2007
Dato: 16.01.2007

Pressekontakttelefon: 415 73 500

OED har motteke plan for utbygging og drift for gassfunnet Alve

Anniken Aamodt Widerøe, Statoil, Kjell Helge Eide , Statoil og Kristin Myskja fra OEDOlje- og energidepartementet har i dag motteke plan for utbygging og drift (PUD) for gassfunnet Alve. Statoil ASA er operatør for utbygginga. Dei andre partane i utvinningsløyvet er Norsk Hydro Produksjon AS og DONG E&P Norge AS.

Alve er eit funn i Norskehavet, nær Nornefeltet. Funnet som blei påvist i 1990, er planlagd utbygd med installasjonar på havbotnen knytta opp mot produksjonsskipet på Nornefeltet. Produksjonen frå Alve er planlagd sett i drift frå 1. desember 2008.

- Eg ser svært positivt på at partane i utvinningsløyvet har bestemt seg for å bygge ut Alve. Utbygginga er eit godt døme på lønsame, mindre utbyggingar som nyttar seg av eksisterande infrastruktur, seier olje- og energiminister Odd Roger Enoksen.

Investeringane er rekna til om lag 2,4 milliardar kroner. Storleiken på gassfunnet er estimert til 6,8 GSm 3> gass.

Avtalen om tredjepartstilknyting mellom Alve og Norne er den første som er forhandla fram til endeleg avtale under den nye forskrifta om tredjepartstilknyting.

Det blir lagt opp til at utbyggingsplanen for Alve vil bli behandla av regjeringa i løpet av første kvartal 2007.