RNB 2007: Auka løyvingar til sikringstiltak etter flaumane på Vestlandet og i Trøndelag
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Nr: 65/07 | Dato: 15.05.2007
-Løyvinga gjer det mogeleg å sikre dei ramma vassdraga utan at det går utover framdrifta i andre prosjekt. Regjeringa følgjer på denne måten opp lovnadene sine frå i fjor, seier olje- og energiminister Odd Roger Enoksen.
Hausten 2005 og vinteren 2006 blei Vestlandet og Trøndelag ramma av skadeflaumar. I revidert nasjonalbudsjett i fjor blei det løyva 57 millionar kroner til førebyggjande sikringstiltak, og tiltak for å ruste opp hydrologiske målestasjonar langs dei ramma vassdraga. Løyvinga var basert på førebels overslag av skadeomfanget. Etter grundigare synfaringar, detaljplanlegging av tiltak og tilbodsinnhenting er kostnadsanslaga justerte opp. Regjeringa foreslår derfor i årets reviderte nasjonalbudsjett å løyve ytterlegare 14,5 millionar kroner til sikringstiltak.
Løyvinga vil bli nytta til sikringstiltak i kommunane Strand og Vindafjord i Rogaland, Voss kommune i Hordaland, Leikanger kommune i Sogn og Fjordane, og i kommunane Flatanger, Grong, Overhalla, Steinkjer og Verran i Nord-Trøndelag.
-Løyvinga gjer det mogeleg å sikre dei ramma vassdraga utan at det går utover framdrifta i andre prosjekt. Regjeringa følgjer på denne måten opp lovnadene sine frå i fjor, seier olje- og energiminister Odd Roger Enoksen.
I tillegg til flaumsikringstiltaka blir NVE sitt tilsyn med dammar, miljø og tryggleik i kraftforsyninga styrka med 2,2 millionar kroner.