Historisk arkiv

Utdrag frå olje- og energiminister Hagas kalender for veke 44

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: Regjeringskonferanse på statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.

Tysdag 30. oktober
Klokka 12.30 skal Olje- og energiminister Åslaug Haga halde innlegg på eit seminar om klima, miljø og energi i samband med Noregs sesjon i Nordisk Råd. Seminaret skal kaste lys over korleis dagens klima, miljø og energiutfordringar gjeld oss som bor i Norden, og på kva måte vi kan arbeide saman for å løyse desse utfordringane. Arrangørane er Nordisk InnovationsCenter, Nordisk Energiforskning, NordForsk, Nordiska Investeringsbanken og NEFCO

Stad: Auditoriet i Stortinget. Seminaret held fram til klokka 14.15.
Seminaret er ope for pressa.

Torsdag 1. november

Åslaug Haga deltek på eit seminar i regi av Oljedirektoratet for rettshavarar om utfordringar på felt i produksjon på norsk kontinentalsokkel. Seminaret tek opp resultata av PIAF (PrestasjonsIndikatorAnalyse for Felt) for 2007, som peikar på nokre utfordringar knytte til kostnadar, investeringar, injeksjonsvolum osv. Klokka 10.00 skal Åslaug Haga halde innlegget ”Moglegheiter og utfordringar på sokkelen – korleis følgjer styresmaktane opp verdiskapinga?”. Seminaret held fram til klokka 14.30.

Stad: Auditorium R5 i Regjeringskvartalet, Akersgata 59.
Seminaret er ope for pressa. Påmelding til Oljedirektoratet.

Fredag 2. til laurdag 3. november

Åslaug Haga deltek på Senterpartiet sitt sentralstyremøte i Gausdal.