Kontakt: 415 73 500
Utdrag frå olje- og energiminister Odd Roger Enoksens kalender for veke 9
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Nr: 33/07 | Dato: 23.02.2007
Her følgjer olje- og energiministerens program for dagane framover slik det ser ut pr. dags dato.
Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.
Under følgjer olje- og energiministerens program for dagane framover slik det ser ut pr. dags dato. Det gjerast merksam på at avtaler fort kan endra seg. Oppdateringar blir lagt ut etter kvart på statsrådens kalender på Regjeringa.no
Tysdag 27. februar
Kl 10.00: Olje- og energiminister Odd Roger Enoksen deltek på seminar om klimapolitikk og miljøvenleg energi på Energigarden på Hadeland saman med kommunal- og regionalminister Åslaug Haga og landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen.
Statsrådane vil deretter besøkje eit biovarmeanlegg på Hadeland.
Sjå eigen presseinvitasjon på Landbruks- og matdepartementetsheimesider.
Pressekontakt for statsråd Enoksen er politisk rådgjevar Anne Tingelstad Wøien, 902 84 261.
Kl 15.30: Statsråd Enoksen har møte med Tanzanias president, energiminister og industriminister.
Onsdag 28. februar
Kl 10.30: Enovas resultatrapport overleverast statsråden. Pressen er velkommen til å delta, eigen presseinvitasjon vil bli sendt ut.
Overrekkinga vil skje i OED sine lokalar.
Fredag 2. mars – søndag 4. mars
Statsråd Enoksen deltek på Finnmark senterpartis fylkesårsmøte i Lakselv.
Komande reiser for statsråden:
Onsdag 21. mars – torsdag 29. mars
Olje- og energiminister Odd Roger Enoksen vitjar Mexico og USA.
For meir informasjon om program og opplegg, sjå heimesidene til INTSOK.
Pressekontakt for statsråden er informasjonsrådgjevar Trude Borge Iversen, 932 63 957