Utdrag frå olje- og energiminister Odd Roger Enoksens kalender for veke 7
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Dato: 09.02.2007
Pressemelding
Nr.: 27/07
Dato: 09.02.2007
Kontakt: 415 73 500
Utdrag frå olje- og energiminister Odd Roger Enoksens kalender for veke 7
Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.
Under følgjer olje- og energiministerens program for dagane framover slik det ser ut pr. dags dato. Det gjerast merksam på at avtaler fort kan endras. Oppdateringar blir lagt ut etter kvart på statsrådens kalender på våre heimesider.
Måndag 12. februar
Olje- og energiminister Odd Roger Enoksen har møte med Belgias energiminister Marc Verwilghen og HKH Prins Philippe av Belgia.
Tysdag 13. februar
Statsråd Enoksen held innleiing om arbeidet med eit nytt industrikraftregime på industrikraftseminar i Mo i Rana. Arrangør for seminaret er Nettverket av nord-norske industrikommunar (NNIK).
Seinare på dagen skal statsråden på bedriftsbesøk i Mo i Rana og ha møte med fylkesråd Sonja Steen.
Pressekontakt er informasjonsrådgjevar Trude Borge Iversen, mobiltlf: 932 63 957.
Onsdag 14. februar
Statsråd Enoksen har møte med Mosambiques president Armando Guebuza og energiminister Salvador Namburete.
Torsdag 15. februar
Olje- og energiminister Odd Roger Enoksen deltek på Nordisk-baltisk ministermøte i Brüssel. Møtet er eit formøte til EUs energiministermøte som finn stad same dag.
Pressekontakt for statsråden i Brüssel er energiråd Marit Engebretsen, +32 499 53 36 52.
Fredag 16. februar
Den amerikanske ambassadøren Benson K. Whitney kjem på vennskapsvitjing.
Søndag 18. februar – tysdag 20. februar
Olje- og energiminister Odd Roger Enoksen vitjar Saudi-Arabia og Qatar.
I Saudi-Arabia vil statsråden blant anna ha møte med oljeminister Ali bin Ibrahim Al-Naimi, og det er planlagd besøk på det nasjonale oljeselskapet Saudi Aramco. I Qatar vil statsråden blant anna møte oljeminister Abdullah al-Attiyah og vitje LNG-anlegget Ras Laffan.
Pressekontakt er informasjonsrådgjevar Trude Larstad, mobiltlf: 936 67 742