Historisk arkiv

Utdrag frå olje- og energiminister Odd Roger Enoksens kalender for veke 4

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 09/07
Dato: 19.01.07
Pressekontakt: 415 73 500

Utdrag frå olje- og energiminister Odd Roger Enoksens kalender for veke 4

Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.

Nedanfor følgjer olje- og energiministerens program for dagane framover slik det ser ut pr. dags dato. Det gjerast merksam på at avtaler fort kan endras. Oppdateringar blir lagt ut etter kvart på statsrådens kalender på Odin: http://odin.dep.no/oed/norsk/dep/minister/kalender/bn.html.

Måndag 22. januar
Kl 09.10 held olje- og energiminister Odd Roger Enoksen innleiinga "Petroleum resources as the major driving force in the Arctic," på konferansen Arctic Frontiers. Konferansen haldes på Universitetet i Tromsø.

Statsråd Enoksen vil seinere på dagen ha møte med Alexei Ivanovich Varlamov, viseminister for naturressursar i Russland, som også deltek på konferansen.

Olje- og energiministeren vil vere tilgjengeleg for pressen i kaffepausen kl. 11.00 – 11.20.

Pressekontakt er Trude Borge Iversen, mobiltlf: 932 63 957.

Tysdag 23. januar
Kl 10.00 held statsråd Odd Roger Enoksen innleiing om varme i framtidas energisystem på Enovas varmekonferanse i Trondheim.

Heile programmet kan du lese her.

Pressen bes melde seg på til Bård Bjerkaker, Enova, mobiltlf: 90 06 70 07.

Pressekontakt for statsråden i Trondheim er Trude Borge Iversen, mobiltlf: 932 63 957.

Torsdag 25. januar
Olje- og energiminister Odd Roger Enoksen held innleiinga "Midt–Noreg i dag, Barentshavet neste" kl 15.40 på Nordmørekonferansen. Konferansen haldes på Caroline konferansesenter i Kristiansund, og er i regi av Nordmøre næringsråd.

Heile programmet.

Pressekontakt er Trude Borge Iversen, mobiltlf. 932 63 957

Fredag 26. januar
Statsråd Enoksen arrangerer og held innleiing på samrådsmøte om CO2-handtering på Kårstø.

Meir informasjon om samrådsmøtet, se eigen pressemelding.