Historisk arkiv

Utdrag frå olje- og energiminister Odd Roger Enoksens kalender for veke 5

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 15/07
Dato: 25.01.2007
Pressekontakt: 415 73 500

Utdrag frå olje- og energiminister Odd Roger Enoksens kalender for veke 5

Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.

Nedanfor følgjer olje- og energiministerens program for dagane framover slik det ser ut pr. dags dato. Det gjerast merksam på at avtaler fort kan endras. Oppdateringar blir lagt ut etter kvart på statsrådens kalender på Odin.

Måndag 29. januar
Kl 10.00: Den rumenske industriministeren, Iuliu Winkler kjem på venskapsvitjing.

Kl 10.30: Olje- og energiminister Odd Roger Enoksen inviterer til pressemøte i samband med at ein rekke selskap har signert avtaler med Gassco om eigarskap og bruk et mogleg gassrøyr til Aust-Noreg, Vest-Sverige og eventuelt Danmark.

Se eigen presseinvitasjon

Tysdag 30. januar
KL 09.00: Statsråd Enoksen held opningsinnleiinga "perspectives for oil and gas offshore developments in the Barents sea " på den femte russisk-norske olje- og gasskonferansen i Kirkenes. Konferansen er i regi av INTSOK og finn stad på Rica Arctic Hotel.

Heile programmet

Statsråd Enoksen er tilgjengeleg for pressen kl 10.10 – 10.30.

Pressekontakt er informasjonsrådgjevar Trude Larstad, mobiltlf: 936 67 742.

Onsdag 31. januar – fredag 2. februar

Olje- og energiminister Odd Roger Enoksen deltek på Sanderstølen-konferansen i Oppland. Under oppholdet vil han ha møte med EUs energikommisær Andris Piebalgs om aktuelle energispørsmål.