Faktaheftet om norsk petroleumsverksemd 2008
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Nr: 77/08 | Dato: 16.06.2008
I dag lanserer Olje- og energidepartementet i samarbeid med Oljedirektoratet, Faktaheftet om norsk petroleumsverksemd for 2008. Publikasjonen gjer ei heilskapleg framstilling av petroleumsverksemda på den norske kontinentalsokkelen.

Tema i faktaheftet 2008 inkluderer:
Styresmaktene sine roller, oversikt over staten sine petroleumsinntekter, leiteverksemda, utbygging og drift, opprydding etter avslutta produksjon og systemet for gassforvalting. Faktaheftet har òg oversikt over miljøomsyn i norsk petroleumsverksemd, dei norske petroleumsressursane og gjer opplysningar om felt som er i produksjon og felt under utbygging. Faktaheftet inneheld oppdaterte miljøtal og vert i år publisert i juni.
Den norske utgåva fins på www.faktaheftet.no og den engelske kan sjåast på www.petrofacts.no