Heimfall: Regjeringa sikrar fellesskapet sitt eigarskap til vasskrafta
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Nr: 32/08 | Dato: 14.03.2008
Olje- og energidepartementet har lagt fram høyringsutkast til lovendringar som bygger på at landets vasskraftressursar skal vere i folkets eige og forvaltast til det felles beste.
Olje- og energidepartementet har lagt fram høyringsutkast til lovendringar som bygger på at landets vasskraftressursar skal vere i folkets eige og forvaltast til det felles beste. Med desse reglane legg olje- og energiminister Åslaug Haga grunnpilarane som for framtida skal sikre og styrke det offentlege eigarskapet til vassfall og kraftverk på statleg, fylkeskommunalt og kommunalt nivå. Dette formålet vil statsråd Haga ha lovfesta i industrikonsesjonslova.
-Regjeringa valde å utfordre ESA på heimfallsretten. Vi tok saka til EFTA-domstolen og tapte. Men vil har nytta handlingsromet til å sikre offentleg eigarskap til fossefalla. Regjeringa har óg funne ei løysing som sikrar norske kommunar og fylkeskommunar evigvarande rettar og inntekter frå vasskraftverk, seier olje- og energiminister Åslaug Haga.
Høyringsutkastet byggjer på konsolideringsmodellen for å styrke det offentlege eigarskapet til vasskraftsektoren. Hovudlinene i modellen blei innførd ved den provisoriske anordninga frå 10. august 2007. I høyringsutkastet vert konsolideringa forsterka ytterlegare. Lovendringsforslaga i høyringsutkastet vil etter departementet sitt syn vere omfatta av det handlingsrom Stortinget som nasjonal lovgjevar har innanfor ramma av EØS-avtalen. Departementet legg fram forslag til endringar i både industrikonsesjonslova og vassdragsreguleringslova.
Elektrisitetsproduksjonen i Noreg kjem i all hovudsak frå vasskrafta. Den er ein fornybar ressurs utan utslipp som vil få auka verdi i framtida. Vasskrafta er viktig for å trygge energiforsyninga. Det spreidde offentlege eigarskapet i vasskraftsektoren er med på å sikre det store talet på konkurrerande kraftprodusentar i Noreg.
Heimfallsreglane blei innførte for om lag 100 år sidan og har medført at staten, kommunane og fylkeskommunane i dag eig omlag 88 prosent av norsk vasskraftproduksjon.
Høyringsutkastet inneber at i framtida skal berre offentlege aktørar få høve til å erverve vassfall og kraftverk over konsesjonsgrensa. Dei fleste småkraftverka fell under konsesjonsgrensa på 4000 hestekrefter. Grunneigarar i distrikta kan difor stort sett byggje ut småkraftverk som før.
Ordninga med at private aktørar kan eige inntil 1/3 i offentlege selskap vidareførast. Det vert foreslått å stramme inn reglane som avgrensar det private eigarskapet til 1/3, for å sikre at det offentlege eigarskapet til vassfalleigande selskap reelt sett er minst 2/3. Ordninga med konsesjon ved erverv av meir enn 20 prosent av aksjane i selskap som har konsesjonspliktige vassfallrettar, blir vidareført. For erverv under denne terskelen blir det foreslått å innføre heimel i lova til å fastsette forskrifter om meldeplikt til departementet.
Framlegget til lovendringar vil gje faste rammevilkår for aktørane i kraftsektoren. Samstundes opnar konsolideringsmodellen for omsetting og restrukturering innafor den offentlege eigarsfære.
Det blir foreslått å vidareføre ordninga med omgjering av tidsavgrensa konsesjonar med heimfall til tidsuavgrensa konsesjonar utan heimfall dersom vassfall og kraftverk blir overdrege frå private aktørar til offentlege aktørar. Omgjering vil forsere offentleg eigarskap i samsvar med målsettinga bak konsolideringsmodellen, samstundes som dei private selskapa som sel kraftverka kan sikre seg langsiktig krafttilgang gjennom deleigarskap i offentlege kraftselskap.
Departementet går inn for å gje nye reglar om utleige av vasskraftproduksjon som ein integrert del av konsolideringsmodellen. Ei utleigeordning reiser ei rekke særlege problemstillingar som regjeringa vil koma tilbake til i ein eigen proposisjon, sidan utleigereglane ikkje er ein naudsynt del av konsolideringsmodellen.
Utkastet til lovendringar vert sendt på høyring med frist for tilbakemelding til 30. april. Etter at departementet har vurdert høyringsinnspela, vil Regjeringa så snart råd er fremja ein odelstingsproposisjon for Stortinget til handsaming.
Høyringsnotatet og anna relevant informasjon finst på OED sine heimesider under høyringssaker. Alle som ynskjer kan sende inn høyringsinnspel uavhengig om dei har motteke høyringsnotatet frå departementet eller ikkje.