Utdrag frå olje- og energiminister Åslaug Haga sin kalender for veke 16
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Nr: 42/08 | Dato: 10.04.2008
Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: Regjeringskonferanse på statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00. Vi tek høgde for endringar i programmet.
Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: Regjeringskonferanse på statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00. Vi tek høgde for endringar i programmet.
Tysdag 15. april
På føremiddagen skal Åslaug Haga halde hovudinnleiinga på Senterpartiet si ordførarkonferanse på Rica Hotel Gardermoen.
Fredag 18. april
Olje- og energiminister Åslaug Haga tek separat imot Japan og Russland sine ambassadørar på visitt.
Klokka 13.00 skal statsråden møte Slovakia sin økonomiminister Lubomír Jahnátek, som er invitert av nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen. Dei to vil mellom anna kome inn på tema som CO2-handtering, EØS-finansieringsmekanismen og gassleveransar.
Sundag 20. april til tysdag 22. april
20. april deltek olje- og energiminister Åslaug Haga på International Energy Business Forum (IEBF) med internasjonale industrileiarar. Same dag skal Haga saman med den britiske energiministeren Malcolm Wicks leie eit norsk-britisk uformelt seminar om CO2-handtering på ministernivå.
Saman med andre energiministarar deltek ho den 21. og 22. april på International Energy Forum (IEF). Møta finn stad i Roma og er ein del av den globale energidialogen. Haga skal mellom anna leie IEBF-sesjonen "Technology and Human Resources".
Måndag 21. april skal olje- og energiministeren møte den nederlandske økonomiministaren Maria van der Hoeven til bilaterale samtalar.
Det vil bli sett av tid til norsk presse. Pressekontakt for statsråden er kommunikasjonsrådgjevar Unni Claussen, mobiltelefon: 91 51 73 57.