Historisk arkiv

Utdrag frå olje- og energiminister Åslaug Haga sin kalender for veke 14

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: Regjeringskonferanse på statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00. Det må tas høgde for endringar i programmet.

Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: Regjeringskonferanse på statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00. Det må tas høgde for endringar i programmet.

Måndag 31. mars

Olje- og energiminister Åslaug Haga vil vitje Gassnova i Porsgrunn. Ho vil få ei orientering om status for verksemda og for arbeidet med fangst og lagring av CO2 på Kårstø og Mongstad.

Statsråden vil vere tilgjengeleg for media kl. 14.00 hjå Gassnova, Dokkvegen 10, Porsgrunn Næringspark. Pressekontakt er politisk rådgjevar Geir Pollestad, 40 22 85 95.

Klokka 18.00 deltek Åslaug Haga eit på arrangement på fylkeshuset i Drammen i regi av Buskerud Senterparti.

Tysdag 1. april

Klokka 10.00 handsamar Stortinget Dokument nr. 8:34 (2007-2008) om å utarbeide ein nasjonal plan for vindkraftanlegg i Noreg. I tillegg skal olje- og energiministeren svare på interpellasjon frå representanten Torbjørn Andersen om å leggje til rette for auka sakshandsamarkapasitet i NVE.

Torsdag 3. april

Olje- og energiminister Åslaug Haga skal halde innlegget "Oljeindustriens verknad på det norske samfunnet. Teknologi, industri og miljø" på Norskehavskonferansen i Trondheim. Konferansen rettar fokus mot moglegheiter og utfordringar for Norskehavet. Konferansen finn stad på Rica Hell Hotell. Sjå program.

Seinare same dag skal Haga vitje Sintef der ho óg skal få ei orientering frå Noregs teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU).

Pressekontakt for statsråden i Trondheim er kommunikasjonsrådgjevar Unni Claussen, mobiltelefon 91 51 73 57.

Fredag 4. april

Olje- og energiminister Åslaug Haga tek imot Japan og Russland sine ambassadørar på visitt.