Historisk arkiv

Utdrag frå olje- og energiminister Terje Riis-Johansen sin kalender for veke 37

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Olje- og energidepartementet

Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: Regjeringskonferanse på statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00. Vi tek høgde for endringar i programmet.

Tysdag 9. september

Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen vitjar Stavanger. Han skal møte StatoilHydro, Iris, Petoro, Oljedirektoratetet og Gassco.

Kontaktperson for statsråden er politisk rådgjevar Sigrid Hjørnegård, mobiltelefon 97 50 89 01.

Torsdag 11. september

Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen drar til Kvinesdal for å delta på opninga av NorNed mellom Noreg og Nederland. NorNed er verdas lengste kraftkabel under vatn. Fyrst skal Riis-Johansen få ei omvising på landanlegget på norske side. Klokka 14.25 skal han vere med å avduke ein plakett, før han klokka 14.50 deltek på den offisielle opninga av NorNed. Dette vil gå føre seg i ei koordinert videooverføring mellom Feda, Kvinesdal og Eemshaven, Nederland. Frå Nederland deltek næringsminister Maria van der Hoeven. 

Det vil bli sett av tid til presse.

Pressekontakt for statsråden er kommunikasjonsrådgjevar Unni Claussen, mobiltelefon 91 51 73 57.

Meir informasjon om arrangementet finn du her.