Historisk arkiv

Utdrag frå olje- og energiminister Terje Riis-Johansen sin kalender for veke 43

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: Regjeringskonferanse på statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00. Det kan bli endringar i programmet.

Tysdag 21. oktober
Kl. 14.30 Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen er møteleiar for Toppleiarforum. I Toppleiarforum møter olje- og energiministeren med direktørane i olje- og gassbransjen.

Tema for møtet vil mellom anna vere innspel frå næringa på sentrale områder, og finanskrisa sine moglege verknader for petroleumsnæringa. Stad: Akersgata 59, R5 - rom 2511, i Oslo.

Toppleiarforum er ope for pressa.

Pressekontakt for statsråden er Unni Claussen, mobiltelefon 91 51 73 57.

Torsdag 23. oktober
Statsråd Terje Riis-Johansen har møte med Hardanger ungdomsråd.

Seinare på dagen vil statsråden møte Samarbeidsrådet for Naturvernsaker.