Utdrag frå olje- og energiminister Terje Riis-Johansen sin kalender for veke 39
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Nr: 109/08 | Dato: 17.09.2008 | Sist oppdatert: 23.09.2008
Tysdag 23. september
Klokka 11.00 skal olje- og energiminister Terje Riis-Johansen opne Norsk senter for bioenergiforsking ved Universitetet for Miljø og Biovitskap (UMB) i Ås. Etter statsråden sitt innlegg vil representantar for senteret orientere om kva det vil ha å seie for energibransjen i Noreg og for norsk energiforsking. Last ned programmet her.
Onsdag 24. september
Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen møter Oljeindustriens Landsforening (OLF).
Fredag 26. september
Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen deltek på Fiskerikonferansen i Bø i Vesterålen. Tema for årets konferanse er ”samspel og varsemd”. Olje- og energiministeren skal halde innlegg om den vidare utviklinga av petroleumsverksemda i nord og arbeidet for sameksistens med andre næringar. I tilegg skal representantar for mellom anna Noregs Fiskarlag, StatoilHydro, Natur og Ungdom og Norske Shell snakke på konferansen.