Historisk arkiv

Utdrag frå olje- og energiminister Terje Riis-Johansen sin kalender for veke 47

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: Regjeringskonferanse på statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00. Det kan bli endringar i programmet.

Tysdag 18. november
Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen deltek klokka 09.00 på presentasjon av IEA (Det internasjonale energibyrået) sin rapport World Energy Outlook 2008 på Det Norske Teater. Statsråden skal koma med innleiande vurderingar, og rapporten vert presentert av sjeføkonom i IEA, Dr. Faith Birol. Konsernsjef Helge Lund i StatoilHydro skal òg halde innlegg knytt til rapporten.

Frå klokka 12.30 deltek statsråden på Bioenergidagane på Ibsenhuset i Skien, og held innlegg om regjeringa sine tiltak for auka satsing på bioenergi i Noreg. Statsråden deltek òg i paneldebatt.

Torsdag 20.november
Klokka 10.30 møtar olje- og energiminister Terje Riis-Johansen USA sin ambassadør Benson K. Whitney. Dei skal mellom anna diskuter energitryggleik og alternativ energi.