Utdrag frå olje- og energiminister Terje Riis-Johansen sin kalender for veke 49
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Nr: 155/08 | Dato: 28.11.2008
Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: Regjeringskonferanse på statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00. Det kan bli endringar i programmet.
Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: Regjeringskonferanse på statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00. Det kan bli endringar i programmet.
Måndag 1.desember
Klokka 15.00 leiar olje- og energiminister Terje Riis-Johansen på Energirådet. På dagsorden står mellom anna energieffektivisering, internasjonalisering av energinæringa og energiområdet sitt bidrag til å nå klimamåla.
Møtet finn stad i Norsk Industri sine lokalar i Oscarsgate 20 i Oslo. Møtet er ope for pressa. Pressekontakt for statsråden er kommunikasjonsrådgjevar Jon Evang, mobiltelefon 934 01 382. Påmelding til info@oed.dep.no.
Tysdag 2.desember
Klokka 15.00 deltek olje- og energiminister Terje Riis-Johansen på Toppleiarforum. Temaet for møtet er kva følgjer finanskrisa får for olje- og gassnæringa.
Møtet finn stad i Regjeringskvartalet, R5, Akersgata 59 og er ope for pressa. Pressekontakt for statsråden er kommunikasjonssjef Stein Hernes, mobiltelefon 995 41 946. Påmelding til info@oed.dep.no.
Onsdag 3.desember
Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen vil vere til stades under Innovasjon Noreg sitt arrangement Skaperkraft i Oslo konserthus frå klokka 19.00. Statsråden skal dele ut prisen Entrepreneur of the Year.
Torsdag 4.desember
Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen deltek på Desemberkonferansen i Kristiansund. Statsråden skal halde innlegg om perspektiv for utviklinga av norsk sokkel.