Historisk arkiv

Utdrag frå olje- og energiminister Terje Riis-Johansen sin kalender for veke 51

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: Regjeringskonferanse på statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00. Det kan bli endringar i programmet.

Måndag 15.desember
Klokka 08.30 vitjar olje- og energiminister Terje Riis-Johansen saman med statssekretær Robin Kåss og stortingsrepresentant og leiar i næringskomiteen Ola Borten Moe (Sp) Yara i Porsgrunn. I tillegg til ei omvising på anlegget vil dei få informasjon om energieffektiviseringsprosjektet.

Pressekontakt for besøket er kommunikasjonsrådgjevar Jon Evang, tlf. 93401382.

Klokka 11.30 møter olje- og energiminister Terje Riis-Johansen Nordland Fylkeskommune. Tema for møtet er mellom anna kraftforsyning til øysamfunn.

Klokka 15.00 møter olje- og energiminister Terje Riis-Johansen INTSOK. Statsråden får ei orientering om deira arbeid og strategi for 2009.


Tysdag 16.desember
Frå klokka 10.00 er olje- og energiminister Terje Riis-Johansen i Stortingets Kontroll- og konstitusjonskomité. Dei skal mellom anna handsame sak om statleg virkemiddelbruk for trygg og stabil overføring av kraft i distribusjonsnettet.


Torsdag 18.desember
Frå klokka 10.00 er olje- og energiminister Terje Riis-Johansen i Stortinget under handsaminga av stortingsproposisjon nr. 9 ”Disponering av betongunderstellet til MCP-01” og stortingsproposisjon nr. 26 ”Om endringar i statsbudsjettet for 2008 m.m. under Olje- og energidepartementet”.


Torsdag 18. – Fredag 19.desember
Om ettermiddagen torsdag 18.desember reiser olje- og energiminister Terje Riis-Johansen til London, og deltek på energiministermøte. Møtet er ei oppfølging av energiministermøte som vart held i Jeddah, Saudi Arabia i sommar. Hovudtema for møtet er ”Oil and the World Economy”.