Brei styrking av NVE
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Nr: 119/09 | Dato: 13.10.2009
NVE skal bidra til ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassressursane og fremme ei sikker, effektiv og miljøvennleg energiforsyning. I tillegg skal NVE bidra til å førebyggje tap av liv og skade på verdiar som følgje av skred og flaum.
Regjeringa legg opp til ei brei styrking av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) i 2010. NVE skal bidra til ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassressursane og fremme ei sikker, effektiv og miljøvennleg energiforsyning. I tillegg skal NVE bidra til å førebyggje tap av liv og skade på verdiar som følgje av skred og flaum.
- Å styrka NVE er å styrka satsinga på fornybar energi. Det må satsast på fleire frontar i NVE om regjeringa skal lukkast med å bygge ut fornybar energi over heile landet. Særleg viktig er det at vi no legg opp til å auke kapasitet for sakshandsaming og oppfølging av konsesjonar, seier olje- og energiminister Terje Riis-Johansen.
Regjeringa foreslår å styrke NVE med om lag 60 millionar kroner. Av dette vil 30 millionar kroner gå til skredførebyggjande arbeid. I tillegg vil budsjettauken mellom anna bidra til auka kapasitet til sakshandsaming av konsesjonar, vidareføre fokus på forsyningssikkerheit og utjamningsordninga, oppstart av arealvurderingar knytt til fornybar energiproduksjon til havs, og styrking av NVE sin tilsynsaktivitet.
- Den breie satsinga på NVE vil gjere det lettare å bygge ut meir fornybar energi dei næraste åra. Vi startar også arbeidet med å kartlegge areal til havs, noko som er viktig for framtidig utbygging av fornybar energi. Vidare vil satsinga på NVE gje oss betre forsyningssikkerheit framover, og den vil gjere oss betre rusta til å handtere beredskapssituasjonar i framtida, seier olje- og energiminister Terje Riis-Johansen.