Forskings- og formidlingseining for skred i Førde
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Nr: 125/09 | Dato: 13.10.2009
Regjeringa vil styrke Noregs vassdrags – og energidirektorat (NVE) sitt arbeid med skredførebygging og beredskap. Mellom anna vil regionkontoret i Førde bli styrka, der det blir etablert ei forskings- og formidlingseining for skred.
Regjeringa vil styrke Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) sitt arbeid med skredførebygging og beredskap. Mellom anna vil regionkontoret i Førde bli styrka, der det blir etablert ei forskings- og formidlingseining for skred.
- Auka innsats innanfor skredførebygging vil trygge folk der dei bur og ferdast. Forskings- og formidlingseininga i Førde vil være eit viktig bidrag som vil styrke NVEs skredkompetanse og betre bistanden til kommunane, seier olje- og energiminister Terje Riis-Johansen.
Frå og med 1.1.2009 blei den statlege skredbistanden samla hos NVE. Deira oppgåve er mellom anna å støtte kommunane med kunnskap og ressursar innan kartlegging, arealplanlegging, overvaking og varsling, samt sikring og beredskap.