Skanled - eit steg nærare realisering
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Nr: 005/09 | Dato: 14.01.2009 | Sist oppdatert: 16.01.2009
Gassco og Skanledpartnarane har i dag avgjort å vidareføre prosjektet etter at dei har fått avklart kva investeringsplanar Ineos har på Rafnes. Det nye konseptet er ikkje avhengig av eit seperasjonsanlegg, og det sikrar tilstrekkeleg kapasitet for framtidig bruk av gass i Grenland.
Skanled er eit gassrøyr som skal gå frå Kårstø i Rogaland til Grenland og til Sverige og Danmark. Røyret gjer det mogleg å eksportere gass til Sverige og Danmark, og for industriell bruk av gass i Grenland. Skanled er viktig for sysselsetting og verdiskaping i Noreg. Regjeringa følgjar difor prosjektet svært tett for å sikre gjennomføring.
-Eg er svært glad for at Skanled no er eit steg nærare realisering. Dei økonomiske nedgangstidene gjer at det er vanskelege kår for industrielle investeringar. Den føreslådde løysinga vil gi ilandføring av gass til Grenland og dermed gi grobotn for industriell utvikling i regionen også i framtida. Dette er gode nyheiter for alle som er opptekne av ein aktiv næringspolitikk, seier olje- og energiminister Terje Riis-Johansen. Eg har følgd prosjektet svært tett, og det har spesielt vore usikkert om separasjonsanlegget kunne bli realisert. Løysinga som no ligg på bordet er difor ei god løysing, seier olje- og energiministeren.
Gassco viser til at Skanled er eit komplisert prosjekt, og det er framleis utfordringar som står igjen før prosjektet kan bli realisert. Planen er å overlevere plan for anlegg og drift til Olje- og energidepartementet 1. april 2009.