Staten går inn i Skanled-prosjektet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Nr: 19/09 | Dato: 13.02.2009
Staten har i dag bestemt seg for at Petoro kan gå inn med inntil 30 % i prosjektet som vil realisere Skanled.
Staten har i dag bestemt seg for at Petoro kan gå inn med inntil 30 % i prosjektet som vil realisere Skanled. Skanled er eit gassrøyr som skal gå frå Kårstø i Rogaland til Grenland og til Sverige og Danmark. Røyret gjer det mogleg å eksportere gass til Sverige og Danmark, og legg til rette for industriell bruk av gass i Grenland.
- Vi er i økonomiske nedgangstider, med uro for auka arbeidsløyse. Skanled er viktig for sysselsetjing og verdiskaping i Noreg. Regjeringa følgjer difor prosjektet tett, seier olje- og energiminister Terje Riis-Johansen.
- Eg er oppteken av framdrifta i Skanled. Difor har staten i dag bestemt å gå inn som deltakar i prosjektet som vil realisere Skanled om det er naudsynt. Skanled er viktig for å leggje til rette for industriell utvikling i Noreg og å auke gasseksportkapasiteten til Europa, seier Riis-Johansen.
Skanled er eit komplisert prosjekt, og det er framleis utfordringar som står igjen før prosjektet kan bli realisert. Prosjektet er inne i ein kritisk fase for å nå planen om innlevering av søknad om godkjenning av plan for anlegg og drift 1. april 2009. Dersom nokon av selskapa i pre-interessentskapet reduserer eller trekk andelane sine utan at eksisterande eigarar eller andre investorar tek over desse, vil dette føre til at prosjektet ikkje har finansiering og den vidare framdrifta i prosjektet kan vere usikker. Regjeringa si avgjerd er difor viktig for den vidare framdrifta i prosjektet.
Petoro deltek i prosjektet på vegne av Statens direkte økonomiske engasjement (SDØE).
BILDETEKST:
Statsminister Jens Stoltenberg og olje- og energiminister Terje Riis-Johansen tok i mot hilsner fra en telemarksdelegasjon. Fra venstre Jan Thorsen (leder Telemark SP), Andreas Kjær (Telemark Gassforum), statsråden, statsministeren, Øystein Beyer (ordfører Porsgrunn (Ap)), Frank Bakke (Herøya Arbeiderforening) og Sigbjørn Molvik (leder Telemark SV).