Utdrag frå olje- og energiminister Terje Riis-Johansen sin kalender for veke 12
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Nr: 32/09 | Dato: 12.03.2009
Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: Regjeringskonferanse på statsministerens kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00. Det kan bli endringar i programmet.
Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: Regjeringskonferanse på statsministerens kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00. Det kan bli endringar i programmet.
Måndag 16. til fredag 20. mars
Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen deltek saman med DD.KK.HH Kronprinsparet på eit offisielt besøk til Mexico. Ein delegasjon med representantar frå norsk næringsliv vil også delta.
Riis-Johansen skal mellom anna halde innleiinga ”Energikompetanse, vår viktigste eksportvare” på Innovasjon Norge si samling for norsk næringsliv. Han skal óg møte Mexico sin energiminister Georgina Kessel.
For meir informasjon om statsråden sitt program i Mexico, sjå kalenderen her https://www.regjeringen.no/nb/dep/oed/dep/olje--og-energiminister-terje-riis-johan/kalender.html?id=518626
I samband med besøket er det Innovasjon Norge som organiserer delegasjonen frå norsk næringsliv.
For meir informasjon om delegasjonen, sjå Norsk Innovasjon sine heimesider http://www.innovasjonnorge.no/Satsinger/Internasjonalisering/Delegasjoner/Offisielt-besok-til-Mexico-mars-2009/
Pressekontakt for reisa er kommunikasjonssjef Stein Hernes, tlf. 99 54 19 46.