Historisk arkiv

Utdrag frå olje- og energiminister Terje Riis-Johansen sin kalender for veke 14

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: Regjeringskonferanse på statsministerens kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00. Det kan bli endringar i programmet.

Onsdag 7. april
Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen har invitert til samråd på Britannia Hotel i Trondheim for å drøfte kraftsituasjonen i Midt-Noreg.

Representantar for landsdelens folkevalte organ, nærings- og arbeidstakar-organisasjonar, kraft- og nettselskap, samt miljøorganisasjonar, er invitert til samrådet. 

Møtet er ope for pressa. Eigen presseinvitasjon blir sendt ut.

Torsdag 8. april
Klokka 10.40 held statsråd Riis-Johansen innleiing om nettutvikling og utbygging av fornybar energi på seminaret ”Fornybart og gjennomførbart?”. Seminaret finn stad på Britannia Hotel i Trondheim.

Seminaret vert arrangert av Statnett, fylkeskommunane Møre- og Romsdal og Sør- og Nord-Trøndelag, og Trondheim Næringsforening.