Historisk arkiv

Utdrag frå olje- og energiminister Terje Riis-Johansen sin kalender for veke 33

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Olje- og energidepartementet

Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: Regjeringskonferanse på statsministerens kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00. Det kan bli endringar i programmet.

Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: Regjeringskonferanse på statsministerens kontor måndag og torsdag kl 12.15, og  Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00. Det kan bli endringar i programmet.


Måndag 16.august

Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen møtar Brasil sin ambassadør i Noreg Sergio Eduardo Moreira Lima.


Tysdag 17. august
Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen møtar Skottlands First Minister Alex Salmond. Dei skal mellom anna diskutere utvikling av fornybar energi og lovgiving innafor utvikling av havvind.


Onsdag 18.august – torsdag 19.august
Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen besøker CO2-lab Svalbard. Statsråden vil mellom anna vere til stades under ein oppsprenging av reservoaret for å framskaffe informasjon om kva og kor mykje reservoaret tåler.

Seinare får han presentert studiet ”Introduksjon til CCS”, som startar opp neste år. Dette er det fyrste universitetskurset i sitt slag i verden. Riis-Johansen skal også opne kurset Svalex 2010, som i år har tiårsjubileum. Kurset har studentar frå meir enn 100 nasjonar.

Torsdag morgon blir det helikoptertur til Brillefjorden der ein mellom anna vil kunne sjå dei same geologiske strukturane som gir olje og gass i Barentshavet.

Pressekontakt for statsråden er kommunikasjonsrådgjevar Unni Claussen, tlf. 91 51 73 57