Historisk arkiv

Utdrag frå olje- og energiminister Terje Riis-Johansen sin kalender for veke 22

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Olje- og energidepartementet

Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: Regjeringskonferanse på statsministerens kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00. Det kan bli endringar i programmet.

Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: Regjeringskonferanse på statsministerens kontor måndag og torsdag kl 12.15, og  Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00. Det kan bli endringar i programmet.


Tysdag 1.juni

Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen er til stades i Stortinget i forbindelse med høring om Mongstad. Høringa finn stad i Stortinget frå klokka 14.00 til klokka 16.00.


Onsdag 2. juni
Klokka 14.45 møter olje- og energiminister Terje Riis-Johansen ein delegasjon frå Nederland, som vert leda av økonomiminister Maria van der Hoeven. Dei er i Noreg i samband med offisielt statsbesøk frå Nederland.

Tema for møte er mellom anna ressursforvaltning og vidareføring av energidialogen. Statsråden held innlegg under overskrifta ”Connecting our grid”.


Torsdag 3.juni
Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen er til stades i Stortinget i samband med handsaminga av representantforslaga (dok.8) 8:78 om evaluering av lovverket som regulerer bygging av kraftlinjer, 8:91 om småkraftverk i overgangsordninga for grøne sertifikat, og 8:97 om norsk vannkraftpolitikk.


Fredag 4.juni
Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen inviterer til samråd i Hammerfest for å få innspel til arbeidet med ny stortingsmelding om petroleumsverksemda. Hovudtemaet for samrådet er Petroleumsverksemda i Barentshavet – vegen vidare.

Samrådet finn stad i Kulturhuset i Hammerfest frå klokka 07.30 til klokka 09.00, og er ope for pressa.

Klokka 09.05 held olje- og energiministeren innlegg på Statoil sitt industriseminar i Hammerfest. Seminaret vil fokusere på industriutvikling og dei nye muligheitene Statoil ser i nord.

Seinare på dagen vil Riis-Johansen besøke Snøhvit-anlegget på Melkøya.
Pressa er velkomne til å delta heile dagen. Eigen presseinvitasjon vert sendt ut.

Pressekontakt for statsråden er kommunikasjonsrådgjevar Håvard Hegna, tlf. 90 94 34 44.