Overrekt utbyggingsplan for Ivar Aasen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Nr: 094/12 | Dato: 21.12.2012
Olje- og energiminister Ola Borten Moe fekk i dag overrekt plan for utbygging og drift (PUD) for olje- og gassfunnet Ivar Aasen. Selskapet Det norske (35 %) er operatør for utbygginga. Andre eigarar er Statoil (50 %) og Bayerngas (15 %).
- Eg er glad for å få overlevert plan for nok ein utbygging på den sørlege delen av Utsirahøyden. Produksjonen og verdiskapinga frå dette området vil vere viktig for Noreg i lang tid framover, seier olje- og energiminister Ola Borten Moe.
Ivar Aasen ligg på Utsirahøyden i den midtre delen av Nordsjøen, om lag 200 kilometer frå land. Funnet inneheld hovudsakeleg olje, men også betydelege mengder gass. For utbygginga ligg det til grunn at ressursar tilsvarande om lag 150 millionar fat olje kan vinnast ut.. Investeringane beløp seg til rundt 25 milliardar kroner.
- Gjennom denne utbygginga blir eit nytt selskap operatør for ein sjølvstendig utbygging på norsk sokkel. Dette bidrar til å styrke aktørmangfaldet i utbyggingsfasen, seier olje- og energiminister Ola Borten Moe.
Ivar Aasen-funnet er planlagt bygget ut med ei botnfast innretning. Det er planlagt for ein samordning med Edvard Grieg-feltet for prosessering og eksport av olje og gass. Ivar Aasen vil få kraft via Edvard Grieg-innretninga, slik at det ligg til rette for oppkopling til den samordna kraft frå land-løysinga til den sørlege delen av Utsirahøyden som det nå arbeidast med.
Ivar Aasen-utbygginga omfattar utvinning av ressursar som er lokalisert i utvinningsløyva 001B, 028B og 242.