Historisk arkiv

Utdrag frå olje- og energiminister Ola Borten Moe sin kalender for veke 26

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Olje- og energidepartementet

Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: Regjeringskonferanse på statsministerens kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00. Det kan bli endringar i programmet.

Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: Regjeringskonferanse på statsministerens kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00. Det kan bli endringar i programmet. 

Måndag 25. juni
Olje- og energiminister Ola Borten Moe, den amerikanske innanriksministeren Ken Salazar og Statoilsjef Helge Lund vitjar ein av Statoil sine oljeplattformar i Norskehavet.

Tysdag 26. juni
Olje- og energiminister Ola Borten Moe har invitert kollegaer frå dei arktiske landa og leiarar for oljeselskap som opererer i Arktis til ein rundebordskonferanse om forsvarleg ressursforvaltning som ledd i ei bærekraftig utvikling i Arktis. Møtet vil vere på Erkebispegarden i Trondheim.

Presseinvitasjon til Arctic Energy Agenda Roundtable 2012

Onsdag 27. juni
Olje- og energiminister Ola Borten Moe og arbeidsminister Hanne Bjurstrøm har invitert representantar frå  styringsmakter og industri til Ministerial Forum on Offshore Energy Safety for å diskutere tryggleik og ansvarleg petroleumsverksemd til havs. Møtet finn sted på Erkebispegarden i Trondheim.

Presseinvitasjon til Ministerial Forum on Offshore Energy Safety 2012

Pressekontakt for alle arrangementa er kommunikasjonsrådgjevar Lise Rist, tlf. 918 01 119.

Torsdag 28. juni

Olje- og energiminister Ola Borten Moe møter Noregs Fiskarlag til samtalar på Rica Nidelven Hotel i Trondheim saman med fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg Hansen.