Utdrag frå olje- og energiminister Ola Borten Moe sin kalender for veke 39
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Nr: 066/12 | Dato: 20.09.2012
Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: Regjeringskonferanse på statsministerens kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00. Det kan bli endringar i programmet.
Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: Regjeringskonferanse på statsministerens kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00. Det kan bli endringar i programmet.
Måndag 24.september
Olje- og energiminister Ola Borten Moe besøker statsråden Statoil sine nye lokalar på Stjørdal samman med Statoil-leiar Helge Lund.
Seinare på dagen deltek statsråden under opninga av Statoil sitt forskingssenter på Rotvoll i Trondheim.
For meir informasjon ta kontakt med kommunikasjonsrådgjevar Håkon Smith-Isaksen tlf. 906 83 887.
Tysdag 25.september
Klokka 9.20 legg olje- og energiminister Ola Borten Moe ned grunnsteinen i BG Norge sitt nye bygg i Florø. Klokka 10.00 held han innlegg under petroleumskonferansen ”Vekst i Vest” i Florø. Seinare på dagen markerer statsråden at kraftlinja mellom Ørskog og Sogndal knyttes saman ved Moskog.
Klokka 15.00 held statsråden innlegg på eit seminar i regi av Energiregion Sogn og Fjordane som finn stad i Førde.
For meir informasjon ta kontakt med pressetelefonen 415 73 500.
Onsdag 26. – torsdag 27.september
H.K.H. kronprins Haakon deltek på eit norsk-britisk energi- og klimaseminar i London. Foruten kronprinsen deltek olje- og energiminister Ola Borten Moe, nærings- og handelsminister Trond Giske, konsernsjef Helge Lund i Statoil og konserndirektør Christian Rynning-Tønnesen i Statkraft, inviterte representantar frå britiske myndigheiter, næringsliv, akademia og media. Seminaret arrangeras av Norges ambassade i London på Royal Geographical Society.
Temaet vil vere status og framtidsutsikter for energisamarbeidet mellom Storbritannia og Noreg.
Torsdag 27. september vil kronprinsen, dei to ministrane, Helge Lund og Christian Rynning-Tønnesen delta ved opninga av vindparken Sheringham Shoal, som ligg utanfor kysten av Norfolk i England. Vindparken er bygd av Statkraft og Statoil i fellesskap, og er blant verdas største offshore vindmølleparkar. Den består av 88 vindturbinar og vil forsyne om lag 220 000 britiske husstandar med straum.
Pressekontakt for båe arrangement er kommunikasjonsrådgjevar Jon Evang, tlf. 93401382.