Historisk arkiv

Statsråd Enoksen til Stavanger

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Olje- og energidepartementet

Sted:

Olje- og energiminister vil være i Stavanger-regionen, der han blant anna gjester Risavika Gas Centre, og vil opne Eni Noreg sitt nye kontor.

Statsråden vil være to dagar i Stavanger-regionen. Onsdag morgon klokka 09.00 gjester han Risavika Gas Centre der han skal leggje ned grunnsteinen til eit nytt gassenter. Her vil statsråden vere tilgjengeleg for pressa. Klokka 12.00 drar Enoksen til Statoils hovudkontor der han mellom anna vil møte konserndirektørane Eldar Sætre, Margareth Øvrum og Rune Bjørnson. Det vil være mogeleg for pressa å møte statsråden i etterkant av besøket hos Statoil, om lag klokka 14.00. Klokka 14.30 vil statsråden gjeste  Keppel Norway AS i Sandnes. Pressa inviterast til å delta. Det vert ei kort vitjing hos Petoro A/S klokka 16.00, før Enoksen får omvisning hos Norsk Oljemuseum klokka 17.00.00. Pressa er invitert til å delta.

Torsdag den 6. september får Enoksen ein presentasjon av forskingsprosjektet Thyphon Valve and Development Testing hos Trygve Husveg på Jæren. Husveg har utvikla kunstige tyfonar i ein ventil for å mellom anna å kunne auke levetida for felt. Vidare held statsråden klokka 12.00 ei gjesteforelesing på Universitetet i Stavanger (UiS). Statsråden avsluttar opphaldet i Stavanger klokka  14.00 ved å opne Eni Noreg sitt nye kontor. Pressa inviteras til å delta heile dagen, men Eni Noreg må kontaktast for dei som ynskjer å delta på opninga.

Pressekontakt for statsråden er politisk rådgjevar Anne Tingelstad Wøien (90284261).