Historisk arkiv

Olje- og energiminister deltek på opninga av NorNed

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Olje- og energidepartementet

Sted:

Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen deltek på opninga av NorNed i Kvinesdal.

Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen drar til Kvinesdal for å delta på opninga av NorNed mellom Noreg og Nederland. NorNed er verdas lengste kraftkabel under vatn. Fyrst skal Riis-Johansen få ei omvising på landanlegget på norske side. Klokka 14.25 skal han vere med å avduke ein plakett, før han klokka 14.50 deltek på den offisielle opninga av NorNed. Dette vil gå føre seg i ei koordinert videooverføring mellom Feda, Kvinesdal og Eemshaven, Nederland. Frå Nederland deltek næringsminister Maria van der Hoeven.

Det vil bli sett av tid til presse.

Pressekontakt for statsråden er kommunikasjonsrådgjevar Unni Claussen, mobiltelefon 91 51 73 57.