Historisk arkiv

Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen lanserer INTPOW

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Olje- og energidepartementet

Sted:

Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen er hovudgjest og innleiar på lanseringa av Norwegian Renewable Energy Partners -INTPOW.

Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen er hovudgjest og innleiar på lanseringa av Norwegian Renewable Energy Partners -INTPOW. Den nye organisasjonen representerer ei samla energinæring som i samspel med OED og NHD og andre statlege organ  skal gjere denne meir slagkraftig internasjonalt enn det dei einskilde verksemdene klarar på eiga hand. INTPOW byggjar såleis å same struktur som det etablerte petroleumsnettverket INTSOK. INTPOW skal arbeide med fornybare energikjelder som vasskraft, vindkraft og solenergi.

På lanseringa vert det òg faglege presentasjonar om internasjonalisering frå Alexandra Bech Gjørv i StatoilHydro, Einar Stenstadvold i SN Power og administrerande direktør Geir Elsebutangen i Intpow.

Pressa er velkomne til å delta på arrangementet. Statsråden er tilgjengeleg i pausa mellom klokka 1300 - 1330.

Pressekontakt for olje- og energiministeren er Unni Claussen, 91 51 73 57.

Stad: Fossekallen konferansesenter, Lysaker, adr: Vollsveien 13H
Tid: Programmet varer frå klokka 12.00 til klokka 14.45 med påfølgjande mat og mingling.