Olje- og energiminister Åslaug Haga vitjar Brussel
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Kalenderhending | Åslaug Haga
Stad:
Olje- og energiminister Åslaug Haga dreg til Brussel for halde innlegg på høyringsseminar om CO2-handtering i Europaparlamentet (EP).
Olje- og energiminister Åslaug Haga dreg til Brussel for halde innlegg på høyringsseminar om CO2-handtering i Europaparlamentet (EP). Haga skal snakke om Noreg sin politikk for CO2 fangst og lagring, såkalla CCS. Høyringa er eit resultat av samarbeid mellom Bellona og den britiske parlamentarikaren Chris Davies.
Seminaret vert arrangert i samband med Europakommisjonen sitt forslag til direktiv om lagring av CO2, som vart lagt fram for vel ein månad sidan. Mellom innleiarane er sentrale aktørar på CCS-feltet i Europa. Mellom anna kjem representantar frå Kommisjonen, komitémedlemer frå klimakomitéen og energikomitéen i EP og frå petroleumsnæringa.
Tid: Klokka 16.00 til 18.00
Stad: Aspinelli Building, Europaparlamentet.
Statsråd Haga vil vere tilgjengelig for pressa i forkant av seminaret.
Pressekontakt for statsråden er kommunikasjonsrådgjevar Unni Claussen, mobil: 91 51 73 57.