Historisk arkiv

Avisinnlegg om fornybar energi

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Publisert i Vest-Telemark Blad

Vest-Telemark Blads leiarteig 22. oktober etterlyser ein handlingsplan for fornybar energi. Det vert mellom anna vist til at sakshandsaminga for konsesjonssøknadar går for seint samt at bioenergi ikkje er lønsamt i konkurranse med elektrisitet, skriv Terje Riis-Johansen i eit innlegg i Vest-Telemark Blad.


Vest-Telemark Blads leiarteig 22. oktober etterlyser ein handlingsplan for fornybar energi. Det vert mellom anna vist til at sakshandsaminga for konsesjonssøknadar går for seint samt at bioenergi ikkje er lønsamt i konkurranse med elektrisitet.

Eg er heilt einig i at vi må satse på fornybar energi også i tida framover. Meir fornybar energi vil gjere det lettare å redusere bruken av olje, gass og kol og er såleis bra for klimaet. I løpet av forrige periode dobla vi sakshandsamingskapasiteten i NVE frå 30 til 60 personar. Vi vil halde fram med å styrkje NVE, noko det nyleg framlagde statsbudsjett for 2010 viser.

Kvart år dei siste åra er det kome om lag 800 GWh ny fornybar elektrisitetsproduksjon, i hovudsak småkraft. Vi fekk på plass ordninga med grøne sertifikat med svenskane i september. Noregs sertifikatplikt vil utløyse ny produksjon på om lag 12,5 TWh i perioden 2012 til 2020. Det er om lag tre gonger så mykje som blir produsert i Tokke/Vinje vassdraget. All fornybar produksjon av elektrisitet vil kunne få støtte noko som også omfattar vind- og biokraftverk. Småskala vindkraftverk og det planlagte biokraftverket på Langmoen i Nissedal vil kunne få slik støtte.

I løpet av dei 4 siste åra har Enova lagt til rette for investeringar i infrastruktur til fjern- og nærvarme på rundt 6 milliardar kroner. Desse anlegga kan nytte bioenergi til oppvarming. I statsbudsjettet auka vi Fornybarfondet til Enova med 5 milliarder kroner til totalt 25 milliarder kroner. Dette skal aukast til 30 milliarder kroner innan 2012. Då vil Enova årleg kunne disponere rundt 2 milliarder støttekroner til fornybar energi og energieffektivisering.

Eg vil også nemne at eg har endra forskriften om rabatt til utkoplbart forbruk. Dette har vore bionæringas viktigste krav dei fire siste åra og vil innebere at bioenergi vil bli meir konkurransedyktig samanlikna med blant anna fyringsolje.

Satsinga på bioenergi/varme skal halde fram og Enova skal få eit eige energimål for bioenergi jf. Soria Moria II. I den nye regjeringsplattformen seier vi og at vi skal leggje fram ein opptrappingsplan for fornybar energi. Det er difor hyggeleg å kunne seia at Vest-Telemarks Blad ønskjer for satsing på fornybar energi i stor grad er i samsvar med mine mål som Olje- og energiminister.